meisje skrev:
Men hvorfor forsøker ikke lærer organisasjonene å få til forskning og dokumentasjon på dette som utfordring ? Her har dere mye å hente på både goodwill og drahjelp til rekruttering. Og det hadde gjort seg mye bedre med kommunikasjon rundt dette temaet.
Forøvrig har jeg selv vokst opp i en slik utkantkommune, og både læreren og legen blir erstattet av ufaglært personell når det trengs, for det er jo ikke et alternativ å ikke ha legehjelp(fra ufaglærte) eller undervisning.
meisje skrev:
Fordi dere ikke bruker ressurser på å få det frem som debattsaker i samfundet ? eller ihvertfall ikke klarer å få frem det rundt streikesaken deres. Men kanskje er det er det skorter.
Eg ser ganske mykje om dette i medlemsblad, fb-innlegg frå tidlegare kollegaer og liknande, men trur kanskje ikkje det er eit sexy nok tema for avisene. Det går jo litt på kva dei er interesserte i å vidareformidle og.
Eg høyrde podcast-utgåva av siste episode av Debatten her om dagen, og arbeidsgivarsida gjorde sitt for å bagatellisere problemstillinga, sjølv om både representantene frå Utdanningsforbundet og Sykepleierforbundet trakk det fram igjen og igjen.
Innan enkelte fag, som norsk, har det lenge vore slik at 1/3 av dei faglærte slutter i vidaregåande skule etter mindre enn fem år. Eg har (anekdotisk, så klart) kjennskap til ei masteroppgave i skoleledelse, som undersøker akkurat dette. Artikkelen blei publisert i Norslæreren, eit tidsskrift for spesielt interesserte, men det var ikkje lett for dei som jobba med det å få merksemd i andre kanaler.
Señora skrev:
Jeg er enig med deg, jeg personlig synes de kunne spart seg hele streiken dette året faktisk. Begge parter...
Skolen til poden er en 1-10 skole og hele skolen er stengt så vidt jeg kunne forstå av den kryptiske meldingen fra rektor (dårlig kommunikasjon der, jeg vet om ungdommer som kom til undervisning), de tilbyr kun SFO morgen og ettermiddag. Hva skal man med det?
Eg blir veldig provosert over den argumentasjonen som går på at lærarane kunne spart seg streiken fordi året i år har vore spesielt. I fjor blei lærarane oppmoda til å vise moderasjon, fordi det hadde vore eit vanskeleg år. Dei godtok eit lønnsoppgjer som var lågare enn prisveksten i samfunnet. Eit lønnsoppgjer som tilsvarer 100 kr. meir utbetalt pr. mnd. for adjunkter. Vidare kjem det fram at verken skuleleiarar, skuledirektører i Oslo eller regjeringsmedlem (som var dei som argumenterte med at lærarane skulle vise moderasjon i solidaritet med elevar som var ramma av lockdown) viste moderasjon sjølv.
Det er faktisk eit problem at lærarar og sjukepleiarar strever med å få råd til bolig i ein del store byar. Mange har lang reiseveg, fordi økonomien ikkje gjer det mogleg å bu der dei jobber. Dette fører til lite stabilitet for elevane. På vår skule i Oslo øst, er det stor overvekt av nyutdanna lærarar som framleis bur i kollektiv. Når dei har jobba 3-4 år, flytter dei. Resultatet: Enkelte klasser har hatt opptil fire ulike kontaktlærarar på 1,5 år. Det går ut over elevane at folk ikkje har råd til å bu og jobbe i dei tettast befolka områda!