Røverdatter skrev:
Er det ingen som har forsket på dette i nyere tid (ikke nødvendigvis en FP-bruker)? Slik at vi kan få en skikkelig begrunnet og kvalifisert mening og ikke bare den sedvanlige navlebeskuende FP-synsingen? :ypper:
Det er gjort ein del forskning på sosial ulikheit i helse(forekomst av sjukdom, sjukefråvær, uføretrygs, død) i Norge.
Eg forskar blant anna på sosial ulikheit i hjerte-kar sjukdommar i Norge og kan i alle fall fortelle at når det gjeld helse er det overraskande store sosiale forskjellar.
Så at vi ikkje har noko særlig sosiale klassar i Norge er i alle fall feil! Men det er klart at dersom vi samanliknar oss med f.eks land i Øst-Europa så er forskjellane mindre i Norge.
Eg bruker registerdata der eg har informasjon om utdanning, inntekt og data frå sentrale helseregister på alle innbyggarane i Norge. Anonymt, sjølvsagt.
Eg bruker utdanningsnivå som eit slagt mål på kulturell kapital sidan eg ikkje har tilgang på informasjon om kulturelle preferansar.
Og så bruker eg inntekt til å definere økonomisk kapital.
Det er store forskjellar mellom dei med høg og lav utdanning og mellom dei med høg og lav inntekt når det gjeld risiko for å få hjerteinfarkt og også når det gjeld prognose i tida etter eit infarkt.
Eg finn også at blant dei med lav økonomisk kapital er det stor forskjell i helse mellom dei med lav og høg utdanning. Dei med lav inntekt og høg utdanning klarar seg langt bedre enn dei som har samme inntekt men lav utdanning i tillegg. Men i andre enden av skalaen, dvs dei med høg økonomisk kapital, er det mindre forskjell i helse mellom dei med lav og høg utdanning. Eg tolkar det slik at dei med høg inntekt og lav utdanning er såpass smarte at dei har klart å tjene masse pengar uten høgare utdanning og då gjer dei nok relatitvt smarte valg i forhold til helse også. Dermed kjem dei omtrent like bra ut som dei med høg utdanning i samme inntekts kategori.
Bakgrunnen for at eg begynte å sjå på dette var denne artikkelen som ser på utdanningsforskjellar i dødelighet i Norge:
http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC2827714/
Det finns også ein norsk rapport om sosial ulikheit i helse:
http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=239&trg=List_6212&Main_6157=6263:0:25,6603&MainContent_6263=6464:0:25,6604&List_6212=6218:0:25,6605:1:0:0:::0:0
No har eg berre lest halve tråden, men syns det er veldig interessant å sjå andre sine refleksjonar om sosial klasse.
Eg holder på å skrive avhandlinga mi no, så det er kjekt med litt inspirasjon 🙂