Å stemme i blokk
I denne kommunen (og i andre kommunar, og oppover i systemet) er det vanlig å stemme i blokk, trass i at fleire medlemer gjerne er rivande uenige i avstemminga. Likvel stemmer dei som bestemt.
Eg forstår jo det at det gjer partiet meir slagkraftig - så der finst jo gode grunnar - men dei gjenspeglar jo strengt tatt ikkje folket lenger? 51% er blitt til 100% før hovudavstemminga skjer.
I vårt tilfelle - ei vanskeleg sak for innbyggarane der dei to største partia stemmer i blokk, og i grunn effektivt har lagt lok på diskusjonar og utveksling. Dette blei avgjort på medlemsmøter mange veker sidan, før høyring av saka var komen i gang. Dei står samla med eit ansikt utad, men eg veit at enkelte har vond magekjensle, og innbyggarane kjenner seg ikkje igjen i overtydinga om at dette er rett. Høyringsbrev frå innbyggarane blir nok lest og ligg som vedlegg i saka, men blir ikkje presentert og ikkje drøfta.
Dette er til å bli gal av. Kva gode grunnar er det til å stemme i blokk? Eg syns det mest av alt er galt i forhold til at folkeviljen ikkje kjem godt nok fram. Dessutan legg det munnkurv på medlemmer i eit kommunestyre, noko eg syns er uheldig.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|