Sv: Klimaet vårt og CO2 og sånn
Opprinnelig lagt inn av Mex, her.
Jeg syns egentlig at man burde ta litt til orde for å gå i mot klimapanelet jeg da. Fordi jeg syns at det er for ensrettet fokus på CO2 utslipp. Skal man tenke kortsiktig (da våre barn og barnebarn) så er det viktig å ikke ta bort fokuset fra generell forurensning, kjemiske avfall, nedhogging av regnskog og svevestøv bla. Det burde bli satt MYE større fokus på fornubar engeri, rensing av industrielt avfall etc og ikke henge seg opp i om kuene fiser for mye eller om en enkelt familie reiser 2 ganger med fly i året ..
Du har heilt rett i at ein må fortsatt jobba med dei kortsiktige forureiningane og utvida bruk av fornybar energi handlar ikkje berre om klima men og om problemet med at dei fossile brensla etter kvart, og ikkje så alt for lenge til, uunngåeleg vil ta slutt.
Grunnen til at CO2-problematikken vert i så stor grad vektlagt er at å fortsetja å sleppa ut CO2 i den aukande grad me held på med vil ha så vidtrekkande og alvorlege konsekvensar for alle som kjem til å bu på denne planeten generasjonane etter oss. Det me faktisk held på med er eit fullskalaeksperiment der me testar korleis jorda sitt klimasystem reagerer på å ta karbon som er trygt og godt lagra i bakken gjennom fleire hundre millionar år og pøsa dette ut i atmosfæra i løpet av eit par hundre år. Går dette gale har me ikkje ein til planet å prøva ut eksperimentet på med anna tilnærming.
Og ku-promping og enkeltfamiliar som dreg på flyreiser er berre småelement i det store biletet. Prøv å sjå det store biletet! I global samanheng er det det som gjeld.
__________________
Rart er fint
|