Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Kultur og underholdning > Tinetoffs litteraturforum

Nobelprisen til Jon Fosse!

Tinetoffs litteraturforum Litteraturdiskusjoner, bokanbefalinger, lesesirkel mm

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 27-10-23, 14:04   #27
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.498
Blogginnlegg: 174
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Nobelprisen til Jon Fosse!

Eg les Septologien nå, og som med tidlegare bøker eg har lese av Fosse, må det lesast i passe posjoner. Han er ein av mine favorittforfattarar, men han er ikkje lett underhaldning og eg må vere i rett humør for å lese han.

Det eg liker med Fosse er det sanselege, lyriske språket og den observerande rolla eg-forteljaren ofte har. I første del av Septologien er det ei scene over mange, mange sider, der forteljaren sit i ein bil på ein parkeringsplass og ser på ein mann og ei dame på ein leikeplass i mørkret.

Sitat:

Det var godt å sveva fritt, seier ho
Eg trur vi er vortne som born att, seier han
Vi gjer kvarandre til born at, seier ho
Eg er som ein jentunge att, anten eg sveva i rørsle, som i dissa, eller heng fritt i lufta, som no, seier ho
Alle likar å vera i lufta, seier ho
Og alle vaksne born, seier han
I alle fall vi, seier ho
I alle fall no, seier ho
Men no snakkar vi heilt dumt, seier ho
Eg vert nesten flau, seier ho
og så sparkar han ifrå og han fer opp i lufta
og ho dalar ned mot bakken og så sparkar ho ifrå og ho fer opp i lufta og han fer ned mot bakken
Alle likar å sveva, seier han
og han når bakken og han sparkar ifrå
Og å vera i jamne rørsler, seier han
og ho dalar ned mot bakken og når bakken og så sparkar ho ifrå
Som andedrag, seier han
og han dalar ned mot bakken og han sparkar ifrå
Og som hjarteslag, seier ho
og ho dalar mot bakken og ho sparkar ifrå
Å vera i same rørsla, seier han
og han dalar mot bakken og han sparkar ifrå
Som bølgjer, seier ho
og ho dalar mot bakken og ho sparkar ifrå
Som bølgjer i den same sjøen, seier ho
og han dalar mot bakken og han sparkar ifrå
Som oss to saman, seier ho
og ho dalar mot bakken og ho sparkar ifrå
Som deg og meg, seier han

Det er jo ikkje handlinga som er i fokus i denne typen tekst. Og det er det som fascinerer meg slik med Fosse. Handlinga er: "Ein mann sit i ein parkert bil og to vaksne disser på leikeplassen like ved". Men det er noko med korleis han målar opp ei scene med språket og lar meg som lesar kjenne på rytmen og bevegelsane i denne scena. Det er så kroppsleg og så fysisk, så sanseleg. Det er ikkje ei forteljing, men ei framvisning av noko eg kan kjenne og føle når eg les det, og det går så sakte at det blir nært. Og det er det som imponerer meg slik med Fosse.

Eg liker det fordi det er så annleis. Det er som om han skriv til kroppen og til sansane i staden for til hjernen og intellektet, på ein måte. Og det er det ikkje så mange som gjer.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 22:01.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no