Sv: Er det bare meg: smash rooms
Eg reagerte som deg, første gong eg høyrde om konseptet. Etter det har eg vore med på at skulekorpset vårt får betalt for restlopper (som elles ville blitt kasta) ved stengetid, frå eit slikt firma.
Eg tenker ofte på mykje av det samme når vi kvitter oss med rester på slutten av loppemarkedet vårt. Lagringsplass kostar meir enn ein container og folk har sjukt mykje dei ikkje treng. Sjølv om overforbruket vårt blir ekstremt synleg i slike konsept, trur eg ikkje nødvendigvis mengda søppel blir større - eg tenker heller dette viser kor mykje vi faktisk kaster og det ansvaret må tilbake til forbrukarane som har kjøpt varer som bare kan knusast i første omgang.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|