Størkna plast i vaskemaskin
Vaskemaskinen min, kombi vask og tørk, som var ny i november, har ein smelta, størkna plastklump inni trommelen. Plasten av ein slik kvalitet og farge at eg mistenker ein Playmobil-dings eller tilsvarande.
Eg har forsøkt å kjøre eit laken for å sjå om det smelter igjen og konkludert med at det ikkje farger av. Men når programmet er ferdig, er det for størkna til at det går an å pelle det bort. Ulempe er at det blokkerer nokre dyser og eg får feilmelding på nokre vaskeprogram. Dessutan lukter det smelta plast når eg bruker tørkefunksjonen.
Utover å legge seg ned på badegulvet og hylegrine ... er det noko konstruktivt eg kan gjere? Og kor mykje koster det å få ein profesjonell til å fikse slike ting?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|