"Comfort food", eller kosemat/trøstemat
Eg funderer litt på begrepet "comfort food". Dette er, i følge, Wikipedia, mat som "refers to foods consumed to achieve some level of improved emotional status, whether to relieve negative psychological affect or to increase positive". Det blir trøstemat da, alternativt kosemat?
For meg er comfort food putrande gryter med kjøtt. Da vil eg det skal piske på rutene, ungane skal ha epleraude kinn og det er sjølvsagt full harmoni i heimen For meg er comfort food noko heimelaga, noko litt volumiøst, gjerne litt flytande (som supper, fiskegrateng, lammefrikasé), og rustikk. Min mann har forøvrig ei greie for is som eg ikkje kan forstå (han et gjerne ein liter rett ut av boksen). Ein stor bolle god kaffe latte er også noko comfort ved.
Kva er "comfort food" for deg? (eller trøstemat-kosemat). Kva forbind du med begrepet? Eg føler egentlig ikkje at eg finn eit godt norsk ord for comfort food.
|