Produktanbefaling: Elbil Nissan Leaf
Advarsel: rein reklame (uoppfordra).
Vi har i snart to månader vore eigarar av ein ny Nissan Leaf. Den blei kjøpt som bil nr. 2, og hovedsaklig til mitt bruk. Den blir brukt til pendling inn til jobb (ca 4-5 mil ein veg), og har gjort kvardagen lettare når vi nå slepp å bruke buss (som tar nesten ein time ein veg). Vanlig bil til byen blir ikkje brukt på grunn av miljø (vi har dieselbil). Nissan Leaf er det næraste ein kjem plug-and-play vil eg påstå

Bilen er altså fantastisk å bruke! Den er meir trafikksikker enn andre el-bilar, som var eit viktig poeng for meg - eg vil ikkje kjøre rundt i ein blikkboks. Den har automatgir (som var litt rart for meg i starten), og er sterk som fy. Mykje raskare å få fart på enn gode gamle Touran'en i alle fall Vel er han kanskje ikkje vakker, og det er litt dårlige fjernlys syns eg. Men elles er den ein nytelse å kjøre. Nå har arbeidsgjevar sørga for stikkontakt ute på jobben, slik at eg slepp rekkeviddeangsten Eg kom meg både fram og tilbake, men når det var 15 minus her, så gjekk pila på rødt før eg stupte inn i garasjen her heime. Kapasiteten går ned med mange minus. Eg kommuniserer med bilen via Iphone - og vi er blitt veldig gode venner. "Full tank" kostar ikkje mange kronene, og eg suser gjennom diverse bompasseringar utan å betale noko. Å kjøre vanlig bil inn til byen kvar dag kostar 1700,- i månaden i bompassering her eg bur.
Så denne bilen kan eg beint fram tilrå som ein god nr. 2 bil, til den som pendlar, og til den som vil ha ein god, miljøvennlig bil.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|