Irobot - roomba
Er det nokon som har ein slik ein?
Eg har i grunn "alltid" hatt ein slik på ønskelista, men den har vore for dyr. Nå derimot har prisen blitt betre, og det verkar som at kvaliteten har blitt betre også. Eg forventar ikkje meir enn at den tar synlege smular og hybelkaniner. Ein må jo likevel gjere reint i ny og ne på tradisjonelt vis. Men eg er lei av å koste golvet kvar bidige dag (og NEI, eg har ikkje støv på hjernen) (og så elskar eg dippeduttar)
Den einaste utfordringa eg kan sjå med denne her er jo at det bør ikkje ligge så mykje små legobitar og slikt rundtom. I tillegg har eg pyttelite problem med å tømme sånne beholderar fulle av drit :urk: Men det kan eg jo overlate til mannen.
Nokon som har ein sånn? Nokon som kunne tenke seg ein sånn? Eller syns de at det er heilt bortkasta penger? Kan jo erstatte ein ny katt kanskje? 
|