Sitronkake - veldig god!
Lagde ei sitronkake i ettermiddag, og den var fantastisk god!! Framgangsmåten var litt spesiell, så eg ville gjerne høyre kva de andre meiner om dette. F.eks er eggedosisen laga på berre eggeplommer - kva er grunnen til det? Er det for at kaka skal bli ekstra gul, eller er det andre ting? Vidare blei det rørt inn krem (av fløyte altså) - det har eg aldri vore ute for. Noko formeining om kvifor oppskrifta er slik? Det var uansett ei himmelsk god og saftig kake - og eg veit ikkje om det var kremen eller eggeplommene som gjorde det. Eg lagde kaka med glutenfritt mjøl, og vi fire i familien fortærte 3/4 av herligheten til dessert i kveld Rakk ikkje å lage glasur til, men det gjorde ingenting. Var framleis lunken då vi åt - og det var deilig... trur ein godt kunne hatt vaniljeis til.
Edit: hugs at kaka kan bakast med gluten-mjøl også! (altså vanlig mjøl)
Det sto ikkje kor varm ovnen skulle vere, så eg sette den til 180 grader. Og eg steikte ein halv time, ikkje ein time som i oppskrifta.

__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 25-02-13 kl 00:43.
|