Julemeny 2012 - har du tenkt?
Mulig de vil syns eg er smågal, men eg er i full gang med å planlegge meny for juledagane. Gler meg veldig til jul Er det fleire enn meg som er tidlig ute, og som er like opphengt i julematlaging? Høyrer gjerne kva de andre har tenkt å servere i jula! Eg gler meg stort til å lage mat! Vi har julegjester heile jula (1 veke), men dei drar før nyttår
Har tenkt å kjøre full pakke med både forrettar og dessert dei fleste helligdagane i alle fall - berre av pur matlageglede! Eg er ikkje spesielt god på å sette saman menyar - og er i tvil om ting passar saman.
Hos oss blir det litt "nordic fusion" veslejulafta med ein slags buffet med pinnekjøtt, islandsk hangikjøt, falukorv og diverse tilbehør. Øl og akevitt til dei voksne. God gammeldags fruktkake til dessert.
Julafta planlegg eg julegraut til lunsj, til middag råmarinert laks (forrett), and med appelsinsaus og rosenkål/valnøtter (hovedrett), og creme brule til dessert (svigermors favoritt).
1 dag blir det frokostbuffet med sild, rull og godt brød ++. Til middag; muligens butterdeigsterter med sopp til forrett, stekt laks med stekt kinakål til middag (potet, agurksalat og rømme til den som vil ha det) og riskrem til dessert.
2 dag, muligens røykelaksmousse til forrett, hjortesteik til hovedrett og ost til dessert?
Dagen etter: restedag. Krem med bær til dessert. Molter inngår, så eg får min moltekrem!
Og ein dag i romjula blir det pasta med estragonkjøttboller (TV-kokken Tina si oppskrift). Vurderer også å droppe middag ein av romjulsdagane, og legge inn ein rekekveld. Eller kanskje lage Toffskij sine scampi med spaghetti frå annan tråd her - den såg veldig bra ut! Ein av dagane blir det samosa til lunsj - har kjøpt ein ladning frosne frå innvandrarbutikk, og dei var enkle å frityrsteike. Smakte vidunderlig
Nyttårsafta har eg ingen plan for enda, men det blir truleg berre oss fire heime, og ingen grandios middag trur eg.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|