Sv: Tilberede velling/grøt, likt som mme?
I graut med mjølkepulver (dei fleste unntatt Holle og spesialgrauter, trur eg) er det vel fare for nøyaktig dei same bakteriane som i MME (rett nok er det som regel vanleg tørrmjølk i dei, så vidt eg kan sjå frå innhaldslista, iallfall på Nestlé sine - har ikkje Hipp/Småfolk her).
Samtidig så er tilrådinga at ein KAN blande MME ved 50 grader dersom den skal brukast ganske med ein gong (til friske fullbårne barn), og i følge bruksanvisningar på alle unntatt Småfolk (1er-variantane) er det så varmt vatn ein skal bruke no for tida. Men dette forutset at ein kun blander for eitt måltid, og ikkje sett flaska i kjøleskapet etc etterpå. Graut er det vel sjelden ein tilbereder for fleire måltid om gongen :-) I tillegg gir ein ikkje graut til nyfødte, og det er den første tida dei er mest mottakerlege for e. sakazakii-bakteria.
|