Sv: Hva skal du gjøre i hagen i år?
Kva eg skal gjere i hagen i år?
Eg trur eg skal gå ut i den ganske mange gonger. Og stå litt i den. Og liggje på ei madrass i den. Sitje på stol i den. Kanskje grille litt i den. Kan hende eg skal trekkje i gang grasklipparen i den òg, etter at mannen vart operert i skuldra må han ha hjelp til akkurat det. Kanskje eg skal ut og sjå på gulveis-tua vår, når dei spring ut. Viss eg hugsar det. I fjor gløymde eg det, og da eg gjekk ut i hagen uti mai ein gong var dei avblomstra.
Og viss ikkje nokon kjem og gjer det for oss, må eg vel plukke litt bringebær, solbær, rips, eple, kirsebær, plommer og stikkelsbær òg, tenkjer eg. Eller eg set barna til det :lat:
Eg er ikkje noko hagemenneske og er belemra med 1,5 mål hage 
Skulle ønskje mannen gjekk med på å selje, som tomt. Naboen fekk 2,4 mill for sin hage 
|