Sv: Jeg, en fotballmamma?
Anbefalar absolutt den capriliknande fotballbuksa. Den toler meir på grus enn t.d. tynne overtrekksbukser. På denne tida er superundertøy, tynne hanskar og ei tynn lue eit must, seinare blir det fotballshorts og t-skjorte. Bruk gjerne ei lita trøye under kampdrakta. Den glatte kunstfiberen er ikkje sååå behageleg inn på huda vanlegvis.
I denne regionen blir det miniputtnivå arrangert turneringar. 2 på vårsesongen og 2 i august/september. Då spelar ungane 3 - 4 kampar i løpet av dagen og brukar resterande tid på å proppe seg med diverse kioskvarer og fnise rundt med lagvenninene, og tilslutt blir det diplom på heile gjengen. På siste turneringa blir det delt ut ein premie av eitt eller anna slag i tillegg. Eg reknar med at dette kanskje er likt ulikt frå region til region. Først på lillejentenivå (dei som blir 11 år i år) blir det seriekampar.
Dei vaksne blir forventa å køyre rundt på dei håpefulle små, ha med kle og plaster og heie intenst under alle kampar og rose alt som var bra etterpå. Dårleg sportsånd og nedrakking av motstandar er ikkje lov. Og dersom de har turneringar, kan eit tips vere å ta med stol, event. paraply og ekstra kle, kaffi eller anna drikke på termos og gjerne ein liten matpakke. *erfaren*
|