Sv: Foreldre tar fri fra jobb for å gjøre barnas lekser
Opprinnelig lagt inn av him, her.
Jeg synes det er litt synd. Jeg tror at leksene i seg selv er bortkastet, men jeg tror det kan bli en bratt læringskurve for de "barna" (de vil jo ikke være barn da, men ...) som kommer på skoler hvor man faktisk må gjøre lekser.
Eg forstår ikkje heilt kva du meiner. Dersom leksene i seg sjølv er bortkasta (noko eg er heilt samd med deg i) så kan eg jo ikkje la vere å drive pedagogikk etter eiga overbevisning av frykt for at ikkje andre gjer det same. Eg synest lekser kort og godt er å beslaglegge ein time eller to av ungdom si "fritid", og det ønsker eg ikkje å gjere.
Men det er då sjølvsagt ikkje dermed sagt at ein som foreldre ikkje skal bry seg om ungane og kva for læringsarbeid dei driv med på skulen, men eg meiner at dette samarbeidet skal vere lystbetont og bestå i av at eleven skal få vise og fortelje utan at det ligg krav til prestasjonar der og då.
|