Sv: Nynorsk?
Opprinnelig lagt inn av Alfa, her.
Det var då voldsomt til hersketeknikk. Eg tek det ikkje personleg. Eg har eit temmeleg avslappa forhold til at nokre ønskar å avskaffe nynorsken.
Men eg synest at din argumentasjon er platt, ufullstendig og populistisk. Du tek ikkje innover deg at nordmenn hadde eit språk før vi vart lagt under dansk styring, og at adskillig fleire enn dei som brukar nynorsk som hovudmål har eit talemål som ligg mykje nærare nynorsk i struktur og ord enn bokmål.
Sant.
Og viss ein ser på historia til det språket som vi hadde før, påvirka det andre språk også. Der er mellom anna sterkt slektskap til det keltiske språket og også engelsk.
For nokre år sidan var eg på Island, og fekk då fortalt at den som lærer islandsk får samtidig eit godt kjennskap til nær sagt alle norske dialektar. For der er så mykje som er likt i språket og dialektane.
Aasen for rundt og samla eksempel på talemålet, ja. Og laga eit skriftspråk på grunnlag av det han samla inn.
Han høyrde også dialektane til både nordlendingar og andre stader i landet. Ikkje berre Vestlandet. Ta f.eks. Oppland fylke, og også Buskerud. Store delar av dei to fylka har store grupper nynorskbrukarar. For ikkje å snakke om Telemark.
Skal ein sjå på dette må ein ikkje berre sjå på folketalet i byane, for bymål er bymål, og slik vil det vere. Uansett kvar i landet ein er.
Nynorsk er ein del av kulturen som vi ikkje må gløyme. Og eg er lei av sytinga frå bokmålsfolk som klagar over sidemålet.
Sjølv har eg nynorsk som hovudmål, men eg skriv like godt på mitt sidemål, som er bokmål.
Men først av alt: Gi lærarane eit oppfriskingskurs i nynorsk FØR dei med sin negativitet gjer nynorsk til eit like stort ork som det var for dei.
Nynorsk KAN vere eit interessant språk for alle. Viss ein lærer det etter normalen frå våre dagar istaden for 1930-normalen, slik mange dessverre lærer også i våre dagar i enkelte bokmålsstrøk.
|