Sv: Er dette ironi?
Eg trur heile nøkkelen til å forstå innlegg av denne typen er setninga:
Sitat:
«Familielivet ble ikke helt som det ble lovet oss»
Kven har lova kva? Eg trur kanskje dagens unge foreldre, som har vekse opp med kombinasjonen sosiale medier-idyll og curling-foreldre har litt urealistiske forventningar til voksenlivet. Det er ein sak i media nå om møtet med arbeidslivet og. Og innlegg som dette blir eit symptom på eit samfunn som ikkje har klart å førebue mange barn, ungdom og unge voksne på at livet kan vere mangesidig.
Eg tenker mykje på dette som mor - korleis kan eg bidra til at min gutt, som nå skal inn i ungdomstida, blir godt rusta til å håndtere heile spekteret av det livet har å by på? Eg vil jo gjerne skjerme han for vonde kjensler og vanskelege opplevingar. Samtidig vil eg ikkje at han skal bli ein sånn voksen som klager på at samfunnet ikkje har oppdratt barna hans eller blir skuffa over at han er sliten etter ein arbeidsdag.
Eg møter ein del vgs-ungdom og studentar i jobben min, og det er mange flinke folk i den generasjonen, for all del! Men det hender ofte at eg blir overraska over kva dei forventer av ein arbeidsgiver, ein veileder eller av samfunnet rundt dei.
Denne kronikken er litt spot on på akkurat dette - barn og ungdom som har opplevd at foreldre, lærarar og samfunnet fikser alt for dei, er nå på veg inn i voksenlivet og møter ei ganske brutal verkelegheit når dei innser at dei må ta ansvar.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|