Sv: Når du er i utlandet og ser barn bli slått
Eg observerte noko lignande i Frankrike for eit par år sidan.
Då var det ein liten gutt på ca 2 år som gjekk med naken rumpe og ei lang T-skjorte på ein strandrestaurant. Han var litt uheldig og velta eit beger med pommes frites slik at litt av innholdet datt ned på bakken. Mor svarte då med å løfte opp T-skjorta og slå med flat hand på rumpa. Det smalt skikkelig, og han hylte 
Vi satt på bordet ved sida av og den umiddelbare reaksjonen var at eg gispa såpass høgt at mor snudde seg og såg på meg. Eg skulle til å seie noko, men min eigen tenåring forstod kor det bar og kleip meg i armen. Så då blei det berre ein serie med stygge blikk dei neste 15 minutta til dei gjekk. I ettertid har eg angra på at eg ikkje sa noko. Det var jo berre eit uhell også!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|