Sv: Slappe håndtrykk
Sjølv har eg fast handtrykk (prøvar å unngå å ha for fast handtrykk, men det er mogeleg at det blir fast nok innimellom). Eg oppfattar dei med slapt handtrykk (personar med smerter i handa er sjølvsagt unntaket, dersom eg veit om det) som uinteresserte i å helse på meg. Svigerinna mi helsar både veldig slapt og heilt ytterst på fingertuppane mine, så når ho takkar for presang t.d., sit eg alltid igjen med følelsen av at det eigentleg ikkje var noko å takke for. Kva munnen har sagt samtidig er uvesentleg. Eg "høyrer" berre handtrykket.
|