Sv: Skryte-/inspirasjonstråd for dårlige husmødre
I går kveld fekk eg rydda og tørka støv i heile huset + vaska begge bad grundig. I mangel av noko anna skrubba eg dusjkabinettet med Cillit Bang (? noko sånt...) avløpsrens (som også kan brukast til badekar o.l sto det på flaska)... Det lukta absolutt ikkje godt, men jammen var det effektivt!
I dag skal alle sengkle skiftast og mannen skal få svusje over golva. Då er det skikkeleg helg! (Dessverre er det nokså lenge mellom kvar helg det er så reint og ryddig her... Eg er eigentleg ei god husmor, men det er veldig, veldig langt inne.... )
|