Sv: Hvilke bøker skal jeg ta med på neste ferie?
Kan skrive under på Grensen. Har planer om å lese Sovjetistan etter kvart.
Eg har nettopp lese Pappa var nesten på Woodstock av Anne Barmen. Nydelig og humoristisk bok om ein vanskeleg relasjon mellom far og dotter, skam, ei dotter som prøver veldig intenst å få barn og ein far som prøver å få til relasjonen med det barnet han har.
Litt mørkare, men eg er òg veldig begeistra for Maren Uthaug. Der det finst fuglar skildrer eit bygdesamfunn på trøndelagskysten. Sånn blei det handler om ei halvt samisk jente som blir flytta frå kulturen og folka sine i Finnmark, til far og stemor på Jylland. Sterkt, om språk, kultur og tilhøyrigheit.
Endå mørkare, men likevel veldig god bok: Blomsterdalen av Nivaq Korneluissen. Ei ung, skeiv, grønlandsk kvinne forsøker å finne ut korfor så mange unge grønlendere tar livet sitt. Ho reiser til Århus for å studere sosialantropolgi, men opplever fordommer og rasisme og livet blir tøft.
Akkurat nå held eg på med den siste til Jonathan Franzen, Crossroads. Dette er òg ein forfattar eg har likt alt eg har lese av hittil.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|