Sv: Gruffetråden #10
Sjuk! Feber, vondt i kroppen og litt sår i halsen. Men verst av alt: Ein skikkelig stor, rød og vond abscess på rumpestumpen som gjer at eg har store problem med å sitte. Var på legevakt med den i dag og blei sendt rett til sjukehus. Så no ligg eg her på isolatrom og venter på svar på PCR-test før gastro-kirurgen vil sjå på meg. Eg håpar virkelig ikkje at PCR’en er positiv, for då gjer dei sikkert ingenting med abscessen….
Syns dette med plassering av abscessen er litt flaut og, så sånn sett hadde det vore litt greit å kunne seie at eg blir vekke frå jobb pga Covid. Har ikkje lyst til å fortelle kollegaer at eg blir vekke på grunn av ein svær byll på rumpa……Kanskje eg berre kan seie at eg har influensa.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|