Sv: Facebook lekker
Opprinnelig lagt inn av Simone, her.
Kan vi ikkje diskutere overvåking utført av Facebook og Google uten å samanlikne med den andre tråden heile tida?
Det er to heilt forskjellige ting, og begge er viktig av heilt ulike grunnar.
Eg har ikkje reagert på at eg får reklame tilpassa det eg søker på. Det aksepterer eg. Eg forstår også at eg kan få reklame tilpassa utfrå kva som ligg i innboksen min på gmail-kontoen min.
Men i det siste har eg opplevd at Google forstår kva eg har tenkt å søke på når eg sitt foran TV'en og diskuterer muntlig(!) med familien om ein eller anna kjent person vi ser på TV. Når eg så tar opp google på telefonen for å søke opp denne kjendisen treng eg berre å skrive den første bokstaven i navnet før Google kjem med forslag om akkurat den personen vi nettopp satt og snakka om. Overvåker Google meg gjennom mikrofonen på telefonen, eller er dette berre tilfeldig? Eg har forøvrig Huawei-telefon.
Eg har tenkt at ei mulig forklaring kan vere at det er mange andre i Norge som søker på akkurat den personen i samme tidsperiode sidan han er på TV akkurat då. Det er f.eks. typisk gjesten i Nytt på Nytt eg søker på. Eller ein som har hovudrolla i ein film vi ser på.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|