Sv: Et godt eksempel på fattigdom?
Eg skjønner kva du meiner, Guava. Eg meiner at ved å utvanne fattigdomsbegrepet, så øydelegg ein dei veldig viktige diskusjonane om forskjeller i Norge. Eg er einig i at mange av dei krava du skisserer, frå innsamling til Polentur og dopapirsalg til merkepress på klede og utstyr til barn, er eit problem når vi snakker om forskjeller. Og det at forskjellane auker er det ikkje tvil om. Men eg trur likevel debatten blir øydelagt dersom ein sett grensa for kva som er basale behov for høgt.
Problemet med han Frogner-arvingen som jobber frivillig deltid og pusser opp loppemarkedmøbler er for eksempel at han ser heilt bort frå buutgifter, som er det som struper mange budsjett. Eg ser til mi overrasking at dersom eg hadde vore aleine, ville eg havna under fattigdomsgrensa, viss eg bare ser på inntekt. Men i praksis har eg vore veldig heldig med når eg kjøpte min første bustad, slik at lånestørrlse og boligverdi gir meg stor økonomisk tryggleik. Er det riktig å samanlikne ein som har fleire millionar i verdi låst i bolig med ein som er nødt til å betale 15K i husleige i månaden? Eit fattigdomsbegrep som inkluderer kva ein har å rutte med etter at boligleiga er betalt, gir eit heilt anna innblikk i faktisk fattigdom, enn prosent av medianinntekt.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|