Sv: Skrive nynorsk på FP-veke
Opprinnelig lagt inn av Tallulah, her.
Yay, takk. Du er veldig (det kan eg skrive, ja?) motiverande. Jeg var ein glipp. Eg prøver å plukke vekk dei fleste orda som virker for outrerte.
Eg har null peil på når eg bruker -er og -ar, både i verb og substantiv. Eller -en og -an. Kan du gje meg ein regel?
Substantiv: Hovudregelen er at hankjønn har -ar, -ane, hokjønn har -er, -ene, inkjekjønn har inga ending i ubestemt fleirtal og -a i bestemt fleirtal.
bilar, bilane
jenter, jentene
ting, tinga
Verb: Om eit verb har fortidsform på -a, er det òg -ar i presens. Om verbet har -te eller -de i fortid, er det -er i presens. Sterke verb har typisk inga ending i presens (og ofte anna hokuspokus òg).
kasta -> kastar
møtte -> møter
kom -> kjem
Det skal ikkje så veldig mykje meir til enn dette før nynorsken byrjar å sjå ganske grei ut.
__________________
Prima (0503) et Secunda (0505)
“Do you find it easy to get drunk on words?"
"So easy that, to tell you the truth, I am seldom perfectly sober.” (Dorothy L. Sayers, Gaudy Night)
|