Sv: Sylvi Listhaug - er det noe jeg kan gjøre?
Eg tenker atdette er eit svar på Listhaug-kampanjen til NOAS/Joner og at det var som forventa at ho skulle komme med eit motsvar eller ei oppfordring til å støtte noko ho brenner for. Så sånn sett er dette som forventa. At ho vel ein konservativ kristen organisasjon overrasker meg heller ikkje. Svaret frå Gravaas, som Guava siterer over, bekrefter bare at dette åpenbart er eit politisk spill.
Åpne dører er ein organisasjon eg kjenner til. Det er ein misjonsorganisasjon som jobber med forfulgte kristne (som er eit problem, men det er alle forfulgte minoriteter) og bibelsmugling. Åpne dører handla opprinneleg om ein kombinasjon av antikommunisme og religionsfrihet bak "Jernteppet". Det er for så vidt viktig, med tanke på friheit til å tru på kva ein vil, som eg meiner er ein viktig verdi. Men i kombinasjon med utspill om at alle nordmenn bør drikke alkohol og spise svinekjøtt, klarer eg ikkje tru på at Listhaug sitt engasjement handler om religionsfrihet. Og når ho i tillegg fronter ein retorikk som handler om å bevare nasjonale verdier i vårt "kristne" land, stusser eg på at ho i tillegg oppfordrer til støtte ein misjonsorgnanisasjon som jobber for det motsatte i muslimske land. Det som er spesielt smaklaust her, er at dette ikkje handler om å "åpne dører" og jobbe for ytringsfrihet. Det er rein vestlig kulturimperialisme. Igjen. Det er ikkje ein organisasjon som driv med humanitært arbeid. Eg reagerer på at Hjelpe i nærområdene-retorikken plutselig handler om å støtte ein organisasjon som primært driv med misjon.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|