Sv: Etisk - skulle man latt være?
Er det nytt, Shute? Sist eg var borti problemstillinga i skulen var i 2010. Då blei saker avslutta ved flytting innad i Oslo. Sidan det er fritt skuleval i Oslo, kan elevar fortsette på same skule etter flytting, noko som førte til at barn vi var bekymra for fekk tilleggsbelastninger med lang skuleveg og å ikkje bu saman med klassekamerater. Då var beskjeden frå BVT at vi måtte melde bekymring til ny bydel.
Eg har høyrd kollegaer snakke om problematikken i forhold til elevgrupper med bakgrunn i for eksempel norsk rom, som lever nokså nomadiske liv i utgangspunktet. Her er flytting ved bekymringsmelding eit så stort problem at skuleleiarar lurer på korleis dei skal håndtere det.
Det kan jo hende at det er ei utbredt oppfatning at det går an å flytte og at det er derfor foreldre gjer det. Men eg er ikkje ukjend med problemstillinga som denne reportasjen skisserer, med skulebytte og flytting frå Bærum til Nittedal og Ullern og Valdres, som konsekvens av bekymringsmelding.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|