Sv: Disse kommunene er for små
Opprinnelig lagt inn av Syrin, her.
Fullstendig enig! Og eg syns regionane er viktigast. Me treng eit mellomnivå - og det må vere større enn fylka i dag.
Kvifor MÅ det det? Sjå på Sverige: dei har no så store regionar at dei har innført eit mellomledd til som blir kalla kommunalforbund. Vi har allereie tendensar til det same fleire stader i Noreg, med uoffisielle regionråd.
Vart helsevesenet betre og mindre byråkratisk då det gjekk frå fylkesinndeling til regionar? Kor lett er det å påvirke regionkontora til NVE, Vegvesenet, Vassregionmyndet, Mattilsynet, osb?
Eg meiner ein burde starta på toppen, men å rydde opp i regioninndelingane til dei ulike statlege etatane. Der kunne ein spart mykje på samkjøring. Eg har vore med på fleire regionale planprosessar der fleire ulike regionkontor må involverast, og einast. Dei har ofte heilt ulike rutiner og meiningar. Vegmyndet i region midt kan godkjenne sykkelstativ på bussen, mens region vest ikkje gjer det. Berre synd bussen er ei av hovedrutene i fylket, som krysser vegvesenet si regiongrense 12 gonger om dagen.
Om regionane til staten er samkjørte, vil det vere mykje enklare å sortere oppgåver mellom stat og region, og samkjøre mellom fylkesmann og fylkeskommune. Nokre oppgåver kunne heilt sikkert vore flytta frå statlege føretak til fylkeskommunen, men det er og oppgåver som gjerne kunne gått andre vegen. Konsesjon for kraftverk er eitt døme: NVE er konsesjonsmynde for dei store kraftverka, fylkeskommune og kommune er høringsinstansar. For dei små kraftverka er fylkeskommunen mynde, NVE og kommunen er høringsinstans. Mikrokraftverka blir avgjorde av kommunen etter plan og bygningslova, der fylkeskommunen er høringsinstans. Dermed må det vere kompetanse på kraftverk og miljøkonsekvensar i alle kommunar, alle fylkeskommunar, hos fylkesmannen, og hos NVE. Forureiningsmynde er like rotete, om ikkje verre. Der kjem og vassregionmynda inn i bildet.
Veit ein kva for oppgåver som skal løysast, er det mykje enklare å finne dei rette geografiske inndelingane. Prosessen som har vore kjørt no har vore fullstendig kaos. Ein skal og vere klar over at desse økonomiske gulrøttene er vissvass på regionnivå. Trøndelagfylka fekk unntaksløyve direkte frå Sanner, for å sikre at dei ikkje skulle tape 10 eller 20 millionar i året til samferdsel. Østlandsfylka har fått beskjed om at dei ikkje kan vente same unntak, og der er tapet rekna ut til å vere over 100 millionar i året.
Stortinget sendte, etter grundig dialog med mellom anna KS, oppdrag til regjeringa om å finne ut kva for oppgåver som skulle flyttast frå stat til fylke, fra fylke til kommune. Det var ei relativt lang liste, som tok for seg nokre av dei utfordringane eg har nevnt over. Det var og sagt temmeleg rett ut at landbruk skulle flyttast frå fylkesmann til fylkeskommune, slik at fylkesmannen blir meir reinodla kontrollorgan, mens fylkeskommunen tek utviklingsoppgåvene. Svaret frå regjeringa er det mest tannlause eg nokon gong har sett. Dei hadde spurt dei ulike fagetatane, og dei hadde ikkje lyst til å gje frå seg dei oppgåvene stortinget meinte dei burde sleppe, og det var den saka.
__________________
Litjtausa 06. Lille skatt 07
|