Sv: Trampoline - duger det meste?
Den første trampolina me hadde var frå ein leikebutikk og kosta rundt 2500 kroner for ni år sidan. Den holdt i ni år. Men jentungen har blitt ein turnar og ein trampolinesnobb, og synes ikkje den duger lengre. Det var berre North eller Jumpking som var aktuelt. Derfor har me gått saman med naboen og kjøpt ei frå North til svimlande 10 000 kr. Rett nok betalte dei tre barna 1000 kroner kvar frå bursdagspengar, og to familiar spleisa på resten. Eg kjenner sjølv at den er veldig mykje betre å hoppe på enn den gamle. Men som sagt så holdt den frå leikebutikken i heile ni år, så om ungane ikkje er veldig opptatte av trampoliner og turn, så held det i massevis vil eg tru.
__________________
Bergensis
|