Sv: Snapchat for dummies
Eg har nettopp fått meg Snapchat og har litt problemer med å vite kva som er "skikk og bruk". Er det forventa at eg skal svare på alle meldingar eg får frå vennar og kjente? Det har eg til no ikkje tatt meg tid til. Savnar ein liker-knapp!
Ting som ligg på MyStory reknar eg med at folk ikkje forventar at alle skal svare på, men når eg får melding til meg personlig veit eg ikkje kor mange andre som har fått samme bilde/filmsnutt, og då blir eg veldig usikker. Tenk om det berre er eg som har fått bildet og så får dei ingen respons! Då må eg jo bli oppfatta som temmelig uinteressert. Men eg får sikkert 20 snappar for dagen, så eg orkar ikkje å svare på alt. Av og til rett og slett fordi eg ikkje veit kva eg skal skrive. Kva svarer ein når ein får bilde av ein hamburger, liksom?
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|