Sv: Julegaveannonser på Finn
Opprinnelig lagt inn av Input, her.
Det jeg ikke forstår, er alle som snakker om seg selv og egne prioriteringer. Det føles annerledes å prioritere å arve klær framfor å kjøpe nytt, når man har et reellt valg. Når man kan kjøpe nytt pentøy til jul f.eks. Eller kan si at "ok, barna mine arver alt av tøy, men vi kan reise på ferie og spise ut innimellom." Det er noe helt annet enn å måtte arve tøy og likevel ikke kunne reise på ferie. Å være i en sånn situasjon midlertidig fordi man er student, kan heller ikke sammenliknes med å vite at ungene dine skal ha det sånn hele oppveksten.
Eg skjønner veldig godt kva du seier og eg veit veldig mykje om å vere den eine som ikkje har det Alle Andre har, gå i arvetøy og verken ha råd til eller få lov til mykje av det dei andre gjorde i oppveksta, alltid reise på ferie til besteforeldre og så vidare. Og eg veit at det kan ikkje sidestillast med å ha midlertidig dårleg økonomi ein periode. Så klart det er noko heilt anna enn å velje å kjøpe brukte leiker av miljøhensyn, slik vi gjerne gjer.
Men HI i denne tråden handler om organisasjonar versus private initiativ til å be om hjelp. Vi kjøper nye julegaver som Ungen skal få ta med seg og gi på Fattighuset i regi av barnehagen. Eg trur at ein slik organisasjon er flinkare til å delegere og fordele etter behov, enn folk som roper "Stakkars meg" på internett. Eg vil enten hjelpe folk eg kjenner som eg ser at har eit reelt behov - og det gjer eg med glede. Eller så vil eg gi til organisasjoner som fordeler vidare.
Eg trur ei slik annonse eller eit oppslag i VG eller liknande genererer så mange gaver til den eine familien at det blir skeivfordelt. Det er vel eit par år sidan det var eit intervju i ei avis som skapte ganske stor giverglede, med ei aleinemor som bare spiste fiskepudding. Ho fekk gratisbillettar til det eine og det andre etter avisoppslaget. Det same gjeld den der bloggen til Pappa til to, som fekk massevis av gaver. Eg vil heller gi mine bidrag til ein organisasjon som fordeler det utover i bredden, i staden for å vere ein av hundre som støtter denne eine organisasjonen.
Eg veit at eg har det godt og at eg har heilt greit økonomi viss eg prioriterer litt. Eg veit at det ikkje kan likestillast med den situasjonen foreldra mine var i, då eg veks opp. Men eg trur at ein gave til kvar av femti familier, delegert via ein seriøs organisasjon er ein finare ting å gjere enn at alle dei femti givarane skal gi til den eine som annonserer på eige initiativ.
Og så trur eg ein del av desse som roper om fattigdom treng litt realitetsorientering med tanke på kva alle andre faktisk har.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|