Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Kommunikasjon > Divines spør-og-lær-forum

Refusjon av reise til sykehus &%%€#

Divines spør-og-lær-forum Spør om alt mulig du lurer på - kanskje er det noen som kan svare.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 11-06-15, 13:41   #19
nokon
Librocubicularist
 
nokon sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2011
Innlegg: 13.754
Blogginnlegg: 175
nokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme omnokon har et rykte de fleste bare kan drømme om
Standard

Sv: Refusjon av reise til sykehus &%%€#

Veldig sant det du skriv der, Esme.

Og samtidig tenker eg det er greit at ein veit om korleis ein skal gå fram for å avklare rett til Pasienttransport og. Viss ein er kronisk sjuk og ikkje kan køyre bil eller reise kollektivt, går det fort ein del pengar til transport. Sjølv brukte eg ei stund mellom 1000-1300 i veka (25% av AAP-utbetalingene), på å ta taxi til og frå behandling, fordi eg ikkje visste at det var mogleg å få det dekka. Det var først då eg spurde fastlegen om vi kunne ha timeavtale over telefon, at eg fekk tilbod om PT. Det er uheldig at det kun er dei som aktivt etterspør tilbodet som får det.

Når det gjeld einskildståande sjukehusbesøk, skjønner eg tanken om at det dreier seg om småpengar. Og det er så kronglete å få bestild transport, at eg ofte tenker at den 200-lappen får bare vere. Men eg har og reagert på regelverket rundt dette, i periodar kor eg har brukt mykje pengar på transport til og frå behandling. Eg har og fått inntrykk av at større institusjonar kor ein er til poliklinisk behandling hos behandlarar som ikkje har sett seg inn i heile sjukdomsbiletet er veldig tilbakehaldne med bruk av PT. Og den mistenkeleggjeringa ein ofte møter i slike situasjoner, blir ei tilleggsbelastning.

Det kan og dreie seg om relativt store beløp. I vinter hadde eg for eksempel ei fire månadar lang innlegging, der permisjon midt i veka og helga blei sett på som viktig, for å halde kontakt med toåringen og ikkje skade tilknytninga for mykje. Dette var overlegen si vurdering. Permisjon blir ikkje dekka, så eg brukte 280x 4 i veka i fire månadar på å reise fram og tilbake. Og det merkes ganske godt. I denne perioden var eg veldig nøye med å få dekka det eg hadde krav på utanom, nettopp fordi dei vanlege utgiftene til og frå permisjon blei så høge. Og i slike periodar er det ganske utfordrande å måtte argumentere med legar som meiner det er snakk om småpenger og sugerør i statskassa. Eg synest ikkje det er rimeleg at sjukehuslegar ein møter til to polikliniske vurderinger, som ikkje kjenner totalbiletet, skal himle og sukke og tja-e, når ein ber om eit tilbod ein faktisk har rett på. Som pasient er ein del av dei haldningane ganske tøffe å møte.

__________________

People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
nokon er ikke aktiv   Svar med sitat
 

Trådverktøy
Visningsmåter

Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 08:27.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no