Sv: Fraråder folk å ha felles økonomi
Eg synest og heile passorddiskusjonen blir absurd og minner meir om mistillit til folk enn om noko anna. Eg kan låse opp telefonen til mannen min og eg kan nettbankpassordet hans slik at eg kan bruke hans kort til å betale med. Men eg bruker ikkje telefonen hans til anna enn å (ein sjeldan gong) ringe min eigen for å finne ut kor eg har gjort av han, eller her om dagen, ringe legevakta med då eg ikkje fann min. Og det synest eg faktisk er ein fin ting.
Å lese hans mail, sms og liknande ville vore eit stort tillitsbrot og eg veit at vi tenker rimeleg likt om dette. Men det er praktisk at eg kan komme inn på hans pc og at han kan komme inn på min mac, i ein del tilfelle. Og skriftleg kommunikasjon kan alltid komme på avveie. Det er det avsendaren sitt ansvar å vere obs på.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|