Sv: Du som ikke er feminist - hvorfor ikke?
Eg er veldig opptatt av likestilling og har heldigvis ein mann som også er det. Dermed har deling av ansvar for barn og anna ansvar i heimen fordelt seg likt omtrent av seg sjølv. I jobbsamanheng føler eg meg også likestilt. Eg har derfor aldri følt behovet for å kjempe for likestilling og anser meg ikkje som aktiv feminist.
Eg har ei kvinnelig kollega som kallar seg feminist, og ho er på ein heilt anna planet enn meg. Kvar gang eg nevner ein eller anna episode der ein mann har hovudrolla og kanskje ikkje har oppført seg optimalt er kommentaren alltid "Det er fordi han er mann. Menn forstår ikkje sånt". Ho meiner også at lesbiske par er bedre skikka som foreldre enn heterofile par. Ho hatar ikkje menn, men dei er heilt klart mindre skikka til det meste enn kvinner. Eg er sjølvsagt klar over at ho og andre av samme ulla som dette ikkje er representative for feministar generelt, men sidan denne subgruppa av feministar ofte er veldig opptatt av å poengtere at dei er feministar fører det nok til at eg vegrar meg for å kalle meg feminist.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|