Sv: Spisestue
Vi slo frå oss ein del av dei olja borda då vi kjøpte spisebord for to år sidan, nettopp med tanke på søl. Det krev ein del vedlikehold å heile tida halde bordplata så metta med olje, at ikkje andre flekkar trekk inn i treverket og sett seg. Så vi valde å gå for bord med lakka flate, sjølv om dei olja borda ser lekre ut i butikkane.
Eg synest valnøtt er fint, men tenker at det kjem an på interiøret og totalløysinga. Det er mørkt og vil nok sluke ein del lys, viss det står i eit lite eller mørkt rom. Men i eit større tom med mykje dagslys, vil det kunne bli veldig fint.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|