Sv: Hva/hvem tapper datatrafikk på iphonen min?
Eg ladar om natta, men skrur altså av både wifi og 3G 
Grunnen til at eg skrur av wifi/datatrafikk er i hovudsak at eg ikkje vil ha e-postar og facebook-varsel og sånne ting midt på natta.
Eg har på lyd på telefonen sidan eg har ei mor som er alvorlig sjuk. Greit å vere tilgjengelig. Men dersom eg samtidig har wifi på renner det inn med lydar heile natta pluss at det kjem eit irriterande blått blinkelys på telefonen kvar gang eg får varsel om ny e-post eller facebook-melding. Eller om tilgjengelige app-oppdateringar. Så då har eg funne ut at den enklaste løysinga er å skru av wifi.
Men når det er sagt er eg ikkje heilt komfortabel med å lade om natta. Eg kjenner nokon som har opplevd at laderen tok fyr, og det var ein original lader. Hugsar ikkje merket. Det skjedde heldigvis på dagtid, så brannen blei oppdaga med ein gang. Eg har av og til kjent at laderen på min telefon har blitt veldig varm. Det samme med iPad'en som eg også ladar om natta av og til. Ikkje bra!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|