Sv: Mammakveld (er jeg urimelig)
Nei, at rødstrømper syns det er greit med reine kvinneforsamlingar er jo ikkje så overraskande. Dei hatar jo menn :dukker: 
Neida. Eg trur ikkje at du hatar menn eller at du er innbitt rødstrømpe, Polyanna.
Kva er definisjonen på ein feminist, eigentlig? Eg trudde tidligare at eg var det.Men etter å ha hatt ein del samtaler med to feministar på jobb ( den typen som abonnerer på Fett) trur eg kanskje ikkje eg er det likevel. For makan til stereotyp oppfatning av menn skal ein leite lenge etter. Kvar gang ein mann har gjort noko dumt er det fordi han er mann. Menn skjønnar ikkje ditt og menn er for dumme til datt. Det handlar meir om at kvinner er best enn om likestilling.
Og dette med at samtalar i reine kvinneforsamlingar utviklar seg vidare har eg ikkje opplevd så mykje av. Kanskje eg har gått heim igjen før det kom så langt 
Med dei aller nærmaste venninnene mine som eg har kjent i 30 år har eg ei anna oppfatning. Der snakkar vi om mykje forskjellig og ler veldig mykje. Men også der har samtalen ein tendens til å dreie over på ting som gjer meg ukomfortabel fordi eg føler at eg ikkje passar inn. Desse damene lever også i forhold med langt meir tradisjonelt kjønnsrollemønster enn det eg gjer. Dei jobbar 80% og har hovudansvar for husarbeid og trivast med det. Mannen jobbar mykje overtid. Så det er enkelte tema vi må unngå å diskutere for å bevare stemninga.
Eg trur det er veldig viktig for arbeidsmiljøet at både menn og kvinner er nokonlunde jevnt fordelt i antall. Det er sikkert riktig at atmosfæren i eit møterom endrar seg i positiv retning med aukande kvinneandel, i allefall dersom det i utgangspunktet var svært få kvinner, men det bør ikkje bli for stor overvekt av kvinner heller.
Eg syns det er litt urettferdig at eg skal bli beskyldt for det eine og det andre fordi eg trivst bedre i blanda lag og blant menn enn blant berre kvinner. Vi er alle forskjellige og har ulike preferansar og interesser. Det må vi få lov til. Det er ingenting i vegen med å vere superinteressert i fotball, strikking, hage eller interiør. Men det må vere lov til å seie at ein føler seg utilpass der sånne tema er hovedtema også. No er det fleire her som seier at kvinner ikkje snakkar om sånt som eg nevner, men det er altså det eg opplever veldig ofte. Ikkje fotball,men det andre. Fotballsnakk er det stortsett menn som driv med, men heldigvis ingen på min jobb eller blant dei eg omgås mykje privat.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|