Sv: Sykmelder kvinner seg for å "forebygge" sykdom?
Eg er stor fan av Trine Eilertsen og einig i det meste ho skriv i kronikken sin, men eg kan tenke meg at tittelen "Flinke piker blir syke. Dyktige damer lærer seg å prioritere" svir skikkelig for dei kvinnene som les dette og er sjukemeldte etter å ha gått på ein skikkelig smell. Ein har kanskje sett på seg sjølv som dyktig dame som sjonglerer karierre og familieliv og så blir ein plutselig redusert til flink pike fordi det gjekk litt over stokk og stein. Endå ein ting ein ikkje har vore god nok på: prioritering. For det må jo ha vore min feil sidan eg blei sjukemeldt.
No har eg aldri vore sjukemeldt på grunn av utbrentheit eller lignande, men eg er nok dessverre den typen som hadde tenkt sånn om eg hadde vore sjukemeldt og lest denne tittelen.
Men foreløbig klamrar eg meg til at eg er dyktig dame. Så får vi sjå om eg kanskje eigentlig berre er flink pike.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|