Sv: Mammakveld (er jeg urimelig)
Opprinnelig lagt inn av Floksa, her.
Jeg hadde sikkert tråkket i det sosiale baret og sett på "mamma"kveld som veiledende og sendt den som var ledig på den gitte kvelden. Jeg kunne mao funnet på å sendt pappaen på mammakveld fordi det ikke ville falt meg inn i måneskinn at det faktisk VAR kjønnsdelt.
Det hadde aldri min mann gått med på. Han lar seg ikkje sende nokon som helst plass. Dersom det er noko han har lyst til å gå på, så går han. Vil han ikkje, så går han ikkje. Aldri i verda om han hadde orka å sitte på ein "mammakveld" og koseprate.
Eg har store problemer med reine dameforsamlingar sjølv. Det er noko med tema som ofte blir diskutert der som absolutt ikkje matcher mine interesser. Eg er totalt uinteressert i hage, gardiner, interiør, handarbeid, matlaging, sminke, frisøranbefalingar og alt sånt. Så eg blir gjerne sittande veldig stum og føle meg teit. I blanda forsamlingar glir eg langt meir naturlig inn i samtalen. Då blir det automatisk litt andre samtaletema. Når eg tenker meg om fungerer eg også bedre sosialt når eg er einaste kvinne i ei forsamling.
Eg har nokre få nære veninner som er meir lik meg sjølv og som eg kan tilbringe ein heil kveld med uten problemer, men stort sett får eg litt panikkfølelse når eg er med berre damer. Så eg gruar meg til mammakvelden eg no er invitert til, men eg skal møte opp. Kanskje eg blir positivt overraska.
Det stod heldigvis ikkje at vi skulle ta med strikketøyet eller noko sånt 
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|