Sv: Konflikten på Gaza - lar vi oss provosere mer av den enn av andre konflikter?
For min del er det minst tre sider i denne konflikta: Israel, Hamas og dei sivile palestinarane. Eg støtter ikkje Israel og heller ikkje Hamas. Syns begge har gjort så mykje grusomt at eg ikkje klarar å leite fram sympatien lengre.
Men eg støttar palestinarane og tenker at Hamas ikkje nødvendigvis er dei beste til å kjempe for palestinarane si sak. Å bruke FN-skular som våpen-lager og plassere uskyldige barn oppå som skjold er forkastelig uansett korleis ein snur og vender på det. Og så er det like forkastelig av Israel å bombe FN-skulen, sjølv om dei veit 110% sikkert at Hamas skjuler våpen der og at det blir skutt mot Israel derifrå, for dei veit at det også er barn der.
Eg trur at grunnen til at eg blir provosert i denne saka er at eg ser på Israel som ein moderne stat med høgt utdanna innbyggarar som er smarte, intelligente og opplyste. Og då forventar eg noko anna enn bombing av barn.
Og så er eg ateist, og har derfor problem med å forstå at eit folk kan sjå på seg sjølv som Guds utvalgte folk og at det skal gi dei noko større rett til eit landområde enn det andre har. Og sjølv om den israelske befolkninga også lever i konstant frykt for Hamas sine rakettar er det eit faktum at det er på palestinsk side del aller, aller fleste liva har gått tapt og då er det lettare å sympatisere med den sida.
Eg er nok også litt farga av at eg har lest boka "Morgen i Jenin" av den palestinske forfatteren Susan Albulhawa. Den er sjølvsagt ganske einsidig sidan den beskriver historia frå 1940-tallet og framover frå eit palestinsk synspunkt, men den gjorde eit veldig sterkt inntrykk på meg. Etter å ha lest den boka kunne eg til og med vere tilbøyelig til å forstå kvifor mange palestinarar endar opp som terroristar. På eit eller anna tidspunkt har ein opplevt så mykje grusomt at ein ikkje har meir å tape.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|