Sv: All inclusive - hva tenker du?
Opprinnelig lagt inn av him, her.
Men du vil jo støtte det lokale næringslivet med AI også. Jeg ble så nysgjerrig i går at jeg måtte skjekke det opp, og hotellene er som regel ikke eid av reisebyråene. (De er kanskje eid av mafian, da. Ref Elinblue tidligere i tråden. )
Ja, dette tenkte eg også på i går, men eg orka ikkje å begynne å krangle igjen. Og så har eg ikkje full oversikt over alle charter-operatørane, så eg veit ikkje om det gjeld alle.
Men Star Tour, Ving og Appollo eig i alle fall ikkje hotella dei har barneklubb og all inclusive på. Dei inngår eit samarbeid med dei som eig hotellet om at dei skal bruke f.eks Star Tour sitt konsept og ha Star Tour sine guidar på hotellet. Sannsynligvis får dei skandinaviske ansatte i barneklubben, show-teamet og treningsstudioet lønn rett frå Star Tour, men dei som vaskar romma, jobbar i restaurant og bar, vaktmester, gartner, badevakt osv er ikkje ansatt i Star Tour. Dei er ansatt på hotellet, som kan vere ein del av ein større hotellkjede eller eit enkeltståande hotell. Det hotellet vi skal til på Rhodos neste år er ein del av ein gresk hotellkjede som heiter Atlantica Hotels. Dei har hotell på mange greske øyer og på Kypros. Til saman har dei 3000 ansatte. Dei fleste av desse er greske, men det er også Øst-Euopreiske ansatte, slik som det er i andre EØS-land. Uansett skapar desse hotellkjedane mange arbeidsplassar. Hotella treng også mat. Kor kjem denne maten frå? Sannsynligvis blir den kjøpt inn hos lokale grossistar.
Sengetøyet blir vaska på eit vaskeri i nærleiken, noko som også skapar arbeidsplassar.
Så å påstå at dei som reiser på All inclusive ikkje legg igjen pengar i lokalmiljøet stemmer ikkje heilt.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|