Sv: Har abort blitt prevensjon?
Eg synest og dette er vanskeleg og er veldig på linje med deg, Tallulah der. Eg synest abortstatistikken er høg, men eg meiner ingenting om einskildskjebnar. Og eg trur ikkje dette kan regulerast gjennom lovgiving, eigentleg.
Då eg var ung og naiv tenkte eg ofte at det er synd at adopsjon ikkje er eit av alternativa her i landet. Det er bli foreldre eller ta abort. Samtidig, etter å ha gjennomført eit ganske komplisert svangerskap og ikkje blitt frisk igjen, og sett på kva det kan gjere med kroppen og livet, har eg slutta å tenke at adopsjon er eit alternativ. Graviditeten i seg sjølv er jo ein påkjenning, den og.
Eg veit ikkje kor eg vil med dette, men eg kjenner litt på meg sjølv at eg reagerer instinktivt negativt på statistikken, utan å eigentleg ha nokre klare tankar om kva alternativet skulle eller burde vere. Men kanskje høgare aksept for å få barn på tidspunkt som "ikkje passer", er ein tanke?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|