Sv: Syns du at FrP er et rasistisk parti?
Eg er svært enig med det meste av det Milfrid skriv i tråden over! Eg trur også at vi vil få eit nytt høgrevridd parti, fordi FrP blir pressa bort frå sporet sitt. Først av H, deretter av sentrumspartia. Nå har dei, naturleg nok, sluppe tak i mykje av det dei kjempa for som oposisjonsparti - noko vi vel alle visste ville skje. Da er det ein hissig del av befolkninga som treng å få stemma si fram ein eller annan stad - og eit nytt parti vil oppstå. Eg er ikkje redd for det i det heile tatt. Gje dei taletid, og møt dei med saklege argument, ikkje intoleranse. Berre på den måten kan vi få gjennomslag og ein mindre mørkeblå dreining av Norge.
For kva anna skal vi gjere da? Oversjå? Fortie? Indignert ta avstand fra og nekte å kommentere? Ta fra dei taleretten? Stenge dei ute? Seie at andre reglar gjeld for dei? Det hjelper absolutt ingen verdens ting. Inviterer dei heller til bords og ta diskusjonen.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|