Sv: Er lekser overgrep mot barn?
Eg meiner elevar i tidleg alder burde få meir trening i studieteknikk, slik at dei faktisk hadde utbytte av sjølvstudier og lekser. Eg trur det er viktig at den elevgruppa som skal studere på høgskular og universitet lærer seg å arbeide effektivt og systematisk på eigahand og at lekser kunne vore eit viktig verktøy for å lære dette. Om dette skjer gjennom organiserte sjølvstudier i heildagsskulen eller innanfor dagens skule-/fritid-modell, er ikkje så viktig for meg. Eg synest imidlertid tilfeldige og usystematiske lekser, slik ordninga er i dag, er ein uting.
Overgrep? Det går ikkje an å bruke så sterke ord om ein slik ting. Skal vi koble inn barnevernet, då?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|