Sv: Er NAV virkelig så ille?
Eg tenker at rine og Zoë peiker på to ulike sider av saken og snakker forbi kvarandre.
Rine har heilt rett i at det er eit problem på samfunnsnivå at vi har så mange unge uføre. Og det er påfallande mange av desse unge uføre som har såkalla subjektive lidelsar, med angst, depresjon og muskel- og skjelettplager på topp-tre. Dette er eit samfunnsproblem. Samtidig er det mange enkeltindivid som reelt er for sjuke til å fungere i den jobben dei har, som er sjukemelde, uføretrygda eller på anna vis ein del av denne statistikken. Og alle desse einskilde individa har kvar si historie.
Zoë har heilt rett i at det er mange som er i ein vanskeleg helsemessig situasjon som blir endå vanskelegare av stigmaene knytta til "å nave". Fordi at det er eit samfunnsproblem med så mange unge uføre, må vi som samfunn diskutere dette, sjølv om det er belastande for dei einskilde individa som faktisk er sjuke.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|