Sv: Yoghurt hver dag?
Input: Våre har ikkje kunne drikke vanleg melk på mange år. Då det blei klart at dei tålte vanleg melk igjen, så innførte me det gradvis. Det viser seg at me har to stykker som ikkje vil drikke noko anna enn havremelk. Sistemann seier ikkje noko, men drikker ikkje melk.
I matlaging går det heilt fint, men som drikke eller til frukostblandinger, så vil dei kun ha havremelk. Dei likar rett og slett ikkje ekstra lett, lett, eller h-melk. Me har prøvd ut ulike typar, men dei tar ein slurk og lar resten stå igjen.
Så det er ikkje sikkert at han lærer seg å like vanleg melk. Det kan hende han føretrekker havremelk og det bør vel i grunn vera greit nok ?
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|