Sv: Tips til overgrodd skråning
Det er mur rett nedanfor kanten på dette bilete.
Eg reknar med eg må jobbe litt for å få noko til, først og fremst er det ein kjempejobb med grunnarbeidet. Eg veit ikkje korleis eg skal få vekk jyvelen, me har prøvd før. Den er dratt opp, pensla med diverse midlar og ellers herja med. Men den kjem berre opp, sterkare og med fleire venner enn før.
Me har eit ordentlig hagesenter her, som eg nok kan få hjelp av når den tid kjem. Men eg vil veldig gjerne ha tips og råd om korleis eg bør planta og kva.
Pr no så er den økonomiske delen = null. Det er lov å håpa på at det vil endre seg, så eg har muligheit til å kjøpa nokre plantar etterkvart.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|