Sv: Kunsten å kutte snusen ...
Eg lurer på om folk som seier at det bare handler om viljestyrke og at det bare er å la vere å kjøpe og slikt, har røyka sjølv?
Eg slutta å røyke for seks år sidan, etter å ha prøvd og ikkje klart det, ganske mange gonger. Det var vondt og vanskeleg, eg blei sur og gretten og fekk vondt i hovudet, eg blei kvalm og låg våken om nettene og var uroleg i kroppen. Eg kjem aldri til å påstå at det var lett. For det var det ikkje. Det som gjorde at det eg ikkje klarte det dei første gongane, var at eg visste at hovudverken, kvalmen, irritasjonen, rastlausheita og søvnlausheita ville gå over viss eg bare tok ein røyk.
Eg veit ikkje korfor eg klarte det til slutt. Men det er ikkje lett. Ikkje i det heile tatt. Det er hardt arbeid.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|