Sv: Wii spill til barn
I Legospel så kan ein slå av ein del slike katastrofale følger. Ein vaknar til live igjen og er fit for fight.
"Fight" ja, ein driv jo å piskar og boksar og dytter på ting slik at det blir knust, eller på fienden, som kan vere slemme piratar eller denslag. Eg har aldri syns det har vore voldelig, og når ein figur blir "død", så er han knust i små legobitar...
Dei likar kva som helst av Lego. Pirates har vore pop, nå også Harry Potter. Og Indiana Jones. Og Batman. Det er ikkje i nærheten av same "skummelhet" som i filmane, men historien blir fulgt. Fine tegne-animiasjonar innimellom.
Min gut begynte å spele då han var 4, og det tok litt tid å bli god. Men han kunne kose seg lenge berre med å sprette rundt, hoppe oppi bilar og kjøre rundt omkring, kollidere i bøtter og stolpar og le av alt som skjedde. Jenta mi på 9 har likt spela veldig godt også, men det er mulig det er fleire gutar enn jenter som likar det. Dog er det mange jentefigurar med, og ein kan velge kven ein vil vere. Veldig kjekt å spele to saman.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|